Sel Hjelpefengsel_edited.jpg

Fotografiet er teke frå sør, og ein ser altså nordover mot Otta. På andre sida av elva, omtrent tvers overfor fengslet, ser ein garden søre Breden. Det var nettopp frå søre Breden at amtskommunen fekk frådelt og kjøpt udyrka mark ikring 1860.
Eigedommen vart matrikulert som eit vanleg gardsbruk, med rettar både i Nordre Kolloen statsalmenning og i Resset bygdealmenning. Nokon sæter følgde ikkje med, men truleg hadde eigedommen både beiterett og rett til vatningsvatn frå Heradalsåa. Vatnet vart ført fram i vasstrøer som var felles med Bredevangen, nabogarden på nordsida.
Sjølve fengselsbygningen vart sett opp etter typeteikning frå 1859, laga av arkitektar som også hadde teikna botsfengslet i Oslo. Byggjematerialet var gråstein utvendig, på innsida kledd med teglstein, truleg levert frå Ny-Sandbu. Golv, innvendig tak, dører, trapper og galleri var av treverk, medan celledørene var av jern.
Bygningen hadde kjellar og tre høgder. Cellene låg på sør- og nordsida, delt av ein korridor som var open frå golv til tak med trapper og galleri for kvar etasje.
Varm luft vart leia frå fyren i kjellaren gjennom kanalar i veggane og ut i piper på kanten av taket, eit såkalla sentralfyranlegg. Men denne oppvarminga synte seg å vera for dårleg, slik at det seinare vart bygd inn vedomnar av kleberstein i deleveggen mellom to og to celler. Fyringa gjekk føre seg frå korridoren. Ljoskjelda var parafinlamper og talgljos. Både på nord- og sørsida av bygningen var det luftegardar.
Administrasjonsbygningen var av lafta tømmer, bordkledd både på utsida og innvendig. Her var administrasjonskontoret, saman med rettsalen, kjøkenet, vaktmeisterboligen, og loft med nokre kvistrom.
Vatnet frå vassbrunnen ved Bredevangen vart leia i trerøyr inn i kjellaren i denne bygningen, og frå her måtte vatnet berast dit det skulle nyttast.
Sommaren 1865 sto Sell Distriktsfengsel ferdig. Sersjant Hans Halvorsen frå Lom vart tilsett som første vaktmeister. Styrarfunksjonen låg under sorenskrivarembedet, som igjen låg under overtilsyn av amtmannen.
Til fengslet var det knytta eit tilsynsråd på fire kommunevalde medlemmar, medan "Stedets Præst og Læge forrette den geistlige og legemlige Omsorg".
Her sat altså fangar av båe kjønn frå midtre del av Gudbrandsdalen og nordover til Lesja, og frå langt oppigjennom Ottadalen. Soningstida kunne variera alt etter kva dei var dømde for, det gjekk helst i ulovlig brennevinsbrenning og/eller sal av brennevin, tjuveri og ulovlig lotteri, og - ikkje minst - sedløyse. Mange av lovbrota vart i utgangpunktet straffa med bøter, men som regel hadde ikkje den straffedømde noko å betale med, og måtte i staden sone dommen. Sat ein i arrest, var soningstida frå 32 til 40 dagar. Fengsel på vanleg fangekost var frå 16 til 120 dagar. Dei straffedømde kunne òg sone på vatn og brød, og da vart soningstida korta ned til ¼, altså frå 4 til 30 dagar. Men "Personer under 18 Aar, samt Kvinder der ere frugtsommelige eller give Die, maa ikke underkastes Fængsel på Vand og Brød".
Fangane fekk undervisning i bibelhistorie og katekisme av presten, og hadde dessutan høve til å drive med noko arbeid. Som regel gjekk det i spinning av garn og strikking av stømper for kvinnenes del, medan mennene laga eller sette i stand reiskap, som f.eks. river.
Etter fengselslova av 1903, vart forvaltninga av lokalfengsla overteken av staten frå 1. april 1904. Sell Distriktsfængsel gjekk da over til å bli hjelpefengsel. Lengste tida fangane kunne sitja inne i hjelpefengsel, var 60 dagar. Ved lengre soning laut dei straffedømde sitja i kretsfengslet, som for vårt distrikt låg på Hamar.
Fengslet var i drift heilt fram til 1949, men frå siste verdskrigen var det soningsanstalt berre for kvinner, og fangar frå Bredtvet kvinnefengsel ved Oslo vart overførte hit.
Etter at fengselsdrifta vart lagt ned, vart lokala tekne i bruk av helsevesenet i Oppland, og gjort om til sjukehus for folk med psykiske lidingar. Institusjonen vart med tida bygd ut med fleire triveleg hus, og utearealet opparbeidd til eit pent grøntanlegg.
Den gamle murbygningen, som på sitt vis var eit landemerke i Bræebygda, vart riven så seint som i 1979 - med eller mot bygdefolkets vilje.

Etterord:
Eg vil retta ein stor takk til Bjørg Høie Henriksen, pensjonert lærar frå skuleverket på Otta. Ho gav meg løyve til å nytta ei semesteroppgåve i lokalhistorie som ho skreiv ved Universitet Trondheim/Oppland Distriksthøgskule i 1991, som grunnlag for artikkelen eg sjølv har skrive ovanfor.
Semesteroppgåva er særs interessant lesnad, der B.H. Henriksen fokuserar på kvinner i fengslet, men også har teke med mange lokalhistoriske opplysningar omkring både fengslet som institusjon og om fangane. Opplysningane har ho henta frå protokollar i statsarkivet på Hamar, kyrkjebøker og folketeljingar i Norddalsarkivet, Vågå, samt andre trykte og munnlege kjelder.
Semesteroppgåva har tittelen "Thi kjendes for Ret" og er til utlån ved biblioteket på Otta.

Aud Sandbu